Opning av kommunale bygg for aktivitetar

Årdal har i dag hatt testing av alle elevar og tilsette i skulane og tilsette i barnehagane. Per no er det ikkje kome melding om nye positive prøver.

I samband med utbrotet knytt til Farnes skule i midten av desember valte kriseleiinga å stenge kommunale bygg for aktivitetar på ettermiddag og kveld. Kriseleiinga har i dag bestemt at kommunale bygg no kan opnast opp igjen for aktivitetar. Det betyr og at kinoen kan opnast igjen.

Årdal kommune følgjer frå i dag dei nasjonale råd og retningslinjer som er gjeldande så all aktivitet må vere i samsvar med desse.

Nasjonale råd og reglar gjeldande frå 15. desember 2022 og inntil vidare.

Til toppen