Nytt regelverk for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Kultur-og likestillingsdepartementet melder om ny forskrift for straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar. Lotteri-og stiftelsestilsynet skal no overta forvaltningen av ordninga.

Ordninga gjeld for perioden april 2022 til mars 2023. Det vert lagt opp til søknadsrunde kvart kvartal. I følgje Lotteritilsynet vert søknadsskjema for perioden april - juni 2022 tilgjengeleg i siste halvdel av august.

Meir informasjon om straumstøtteordninga finn de på Regjeringen.no og Lotteritilsynet.

Til toppen