Nytt informasjonsmøte om renovasjonsordninga
Årdal kommune og SIMAS inviterer til nytt møte med fastbuande og hytteeigarar i Fardalen, Ofredal og Seimsdalen.
Møtet er på rådhuset, Årdalstangen tysdag 1. oktober 2024 kl. 18:00.
Det har vore uttrykt sterk misnøye med den nye ordninga som har vore presentert, og det er også i etterkant sendt inn klagebrev frå abonnentar i Fardalen og Indre Ofredal.
SIMAS og Årdal kommune er difor samde om at me no skal sjå på saka på nytt, og vurdere løysingar som gjer det lettare for dykk å handtere avfallet på ein god måte. Fram til dette er avgjort, vil me halde fram med dagens ordning inntil vidare.
Det har blitt etterlyst betre dialog og no ønskjer me konstruktive innspel frå abonnentane om kva ordning dei ser føre seg som alternativ. Forslag kan sendast til post@simas.no eller postmottak@ardal.kommune.no. Frist for å kome med innspel er fredag 27. september.
Sist endra 26.09.2024 10:20