Nye rutiner for PCR-test til reise og koronasertifikat

Legekontoret melder om endringar i rutine for koronatesting.

Reisetest

Koronatest for reise vert ikkje lenger utført på legekontoret. Dersom du treng dette så kan det bestillast på teststasjon på flyplass eller av privatklinikkar som har tilbod om det.

Reiser til og frå utlandet

Test for koronasertifikat

Det vert gjort PCR-testing på dei som har positiv hurtigtest og som treng det for å få eit gyldig koronasertifikat.
Desse testane må bestillast på legekontoret på telefon 57 66 53 90 og vert utført kl. 13.00 på måndag, onsdag og fredagar.
 

Til toppen