Viktig informasjon om koronaviruset

Ny rutine for innkalling til koronavaksinering

Årdal nærmar seg no gruppe 8 i vaksinasjonsprogrammet og skal til med dei som er 55 til 64 år. Torsdag 24. juni startar me med dei som er 64 år og født i 1957.

Det har til no vorte ringt til den som skulle få vaksine, men denne rutinen vert no endra. Frå og med dei som er født i 1957 og framover vil det bli sendt sms med varsel om vaksinering. 

Det betyr at dei som skal vaksinerast torsdag 24. juni 2021 vil bli kalla inn på sms der det står:

Hei
Du har fått time til koronavaksinering dag/dato/kl på helsestasjonen.
Ta kontakt om du ikkje kan møte/er vaksinert/ikkje vil ha vaksine 57665390.
Dose to er førespegla om 12 veker, du vil få ny sms. 
mvh. Årdal legekontor

SMS'en kan ikkje svarast på.

Me reknar med å kalle inn heile årskull 1957 og litt inn i årskull 1958 til vaksinering 24. juni.

Det er særs viktig at dei som ikkje kan møte, er vaksinerte eller ikkje ønskjer vaksine tek kontakt med legekontoret på telefon 57 66 53 90, slik at vaksinedosen kan gå til ein annan person.
Personar i den aktuelle aldersgruppa som ikkje har fått sms, må ta kontakt med legekontoret.

Det vil bli lagt ut oppdatering veke for veke kor langt me er komne i aldersgruppa.

Til toppen