Neste steg mot det grøne skiftet

No blir heimesjukepleien i kommunen knallgrøn. I dag vert dei fyrste fire elbilane leverte, noko som vart markert med stor entusiasme både blant dei tilsette og i det politiske miljøet.  - Klikk for stort bilete

Som eit ledd i auka satsing på klima- og miljø, skal Årdal kommune på sikt erstatta sine fossil-køyretøy med utsleppsfrie køyretøy.

I fyrste omgang vert heimesjukepleien sine skifta ut og det skal etablerast seks ladestasjonar ved Årdal bu- og omsorgssenter. I dag vert dei fyrste fire elbilane leverte, noko som vart markert med stor entusiasme både blant dei tilsette og i det politiske miljøet. 

Ordførar Hilmar Høl hugsar godt vedtaket som vart gjort i kommunestyret for om lag to år sidan, og seier han er oppglødd ved tanken om at det no blir realisert. 

- Eg får nesten støt berre ved tanken, altså. Eg tykkjer det er heilt fantastisk!, seier ordføraren.
-  Dette er ei utruleg flott satsing som me har venta ei god stund på å få til. Ein ting er miljøperspektivet i dette, det at Årdal kommune no tek i bruk utsleppsfrie køyretøy, det er noko som verkeleg er framtidsretta og ikkje minst berekraftig. Me trur og håpar at det på sikt også vil gje utslag reint økonomisk, seier Høl. 

Han legg til at prosjektet er eit samspel mellom Årdal kommune, Årdal Energi Nett og Årdal Kraftlag og gode lokale krefter i Indre Sogn Bil som køyretøyleverandør, Nundal Consult AS som leverandør av ladestasjonar og VLS Maskin som har gjort gravearbeidet.

- Me har i tillegg fem tilsvarande ladestasjonar under planlegging for heimesjukepleien på Tangen. Desse skal stå klare ved Årdal sjukeheim den 1. desember i år, seier ordførar Høl. 

Han legg til at ladestasjonane ved Årdal bu- og omsorgssenter og Årdal sjukeheim er finansierte av Årdal kommune med stønad frå Miljødirektoratet. Årdal kommune har fått tjue tusen kroner i stønad frå Miljødirektoratet per ladepunkt, altså til saman 220.000 kroner.

DELAKTIGE I PROSJEKTET
Årdal kommune, byggherre
Årdal Energi Nett, el-tilførsle
Årdal kraftlag, rådgjeving ladeanlegg
Indre Sogn Bil, køyretøyleverandør
Nundal Consult AS, leverandør av ladestasjonar
VLS Maskin, gravearbeid

Til toppen