Møt teamet med 34 års arbeidserfaring i sektoren sin

No er barnevernsteamet i Årdal kommune på utkikk etter sin nye kollega for å auke erfaringa ytterlegare.

Søknadsfrist 21.februar 

Bilete av dei tilsette på barnevernet som leitar etter ny kollega - Klikk for stort bilete

Om du undrar på kvifor du skal søke, må du gjerne lese vidare: 

“Vi gler oss til arbeidsdagen fordi vi er trygge på kvarandre og trivast så godt i lag” seier Veronica Bergerud, som snart har 8-årsjubileum i barnevernet.

Leiar for barnevernet i Årdal, Anne Fretheim Larsen, stadfestar dette ved å nemne at turnoveren i teamet er utruleg låg, som sjølv har 12 år bak seg i sektoren. 

“Styrken vår ligg nettopp i det at vi er eit samla team som har arbeida saman i mange år. Vår neste kollega kan vere sikker på at vi deler av våre erfaringar som er nødvendig for å kjenne seg trygg i rolla”

Som tilsett har ein store moglegheiter for vidareutdanning og kommunen er god på å legge til rette for dette.  

Linn Luggenes, sosionom med 9 år erfaring, seier fylgjande: “Eg har tatt 65 studiepoeng i løpet av ein periode på tre år, rett og slett fordi eg ynskjer å stadig vidareutvikle meg sjølv og for å halde meg oppdatert fagleg.” 

Espen Wigdahl Huun har 5 år bak seg i tenesta og kan også tilføye at dette er ein attraktiv arbeidsstad å vere ein del av.

Teamet består av barnevernspedagogar og sosionomar og ynskjer no å høyre frå deg med relevant utdanning som vil hjelpe born og unge og samstundes bli del av eit sosialt og stabilt team.   

Her kan du lese meir og stillinga og søkja.