Viktig informasjon om koronaviruset

Liste over utskriven eigedomsskatt for 2021 er lagt ut

Liste over utskriven eigedomsskatt i Årdal kommune, for året 2021, er lagt ut til offentleg ettersyn på tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen i 3 veker frå 5. februar 2021.

Eigedomsskatt er utlikna med kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for vanlege eigedommar / fritidsbustader, kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for jordbruk og kr. 7,- pr. 1.000,- for næring og anlegg. Eigedomsskatt og kommunale avgifter er på same fakturaen, og blir fakturert i 4 terminar med forfall 16.02., 16.05., 16.08. og 16.11.

Søkje fritak for eigedomsskatt - frist 20. februar

Dei som etter §7 i lov om eigedomsskatt kan søkje om fritak frå eigedomsskatt , må gjere dette innan 20. februar. Dette gjeld også lag og organisasjonar.

Søknaden sender du til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no

Til toppen