Ledig stilling - Personvernombod i Årdal, Lærdal og Sogndal

100% fast stilling som Personvernombod i Årdal, Lærdal og Sogndal

   

Har du interesse for og vil vere med på utvikle kommunane til å bli ein god databehandlar?

Har du lyst å bidra til at kommunane Sogndal, Lærdal og Årdal handsamar personopplysningane til våre innbyggjarar rett? Har du interesse for og vil vere med på utvikle kommunane til å bli ein god databehandlar?
Då ser me fram til å sjå ein søknad frå deg.

GDPR, personvern og datatryggleik er eit stort og komplekst fagområde.
Sogndal, Årdal og Lærdal har gått i lag om samarbeid om personvernombod slik at ein på best måte tek i vare dei krava som blir stilt til kommunen som databehandlar.
Kommunane behandlar mange personopplysningar og det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at kommunen handsamar personopplysningane deira rett.
Personvernombodet skal kontrollere, gi råd og informere om korleis kommunane kan ivareta personverninteressene  til sine innbyggjarar på best mogleg måte.

Som personvernombod vil du blant anna jobbe med å kvalitetssikre oversikt over personopplysningar, opplæring, implementering av internkontrollsystem, fortløpande rådgiving og bistand ved personvernkonsekvensvurderingar.
I tillegg vil du måtte vere tilgjengeleg for innbyggjarar som har spørsmål om sine rettar.
I stillinga vil du vere med på å sikre personvernet i Sogndal, Årdal og Lærdal og etterleve krava i EU sin personvernforordning. Det viktigaste vil vere å sikre at kommunane følgjer gjeldande lover og reglar, bidra til god sikkerheitskultur blant tilsette, samt å initiere og utvikle personvern i prosessar, rutinar og IT-system.

Arbeidsoppgåver

 

  • Medverke til å finne gode løysingar på personvernutfordringar, gjennom aktiv bruk av moglegheitsrommet regelverket har.Gje råd, rettleiing og opplæring til tilsette og  leiarar i handsaming avpersonopplysningar og personvernspørsmål.
  • Følgje opp avvik og brot på personvernlovgivinga.
  • Vere verksemda sin kontaktperson innan personvernrelaterte spørsmål og oppgåver.
  • Utarbeide og vedlikehalde styrande dokument for personvern for verksemda.
  • Opplæring for å auke og vedlikehalde personvernkompetansen i kommunane.
  • Sikre etterleving av EU sin personvernforordning og personvernlovgivning.
  • Sakshandsaming i personvernspørsmål, til dømes:
    • Rettleie i personvernkonsekvensvurderingar og skrive tilrådingar.
    • Halde oversikt over kommunane si handsaming av personopplysningar.
    • Utarbeide årshjul for personvernarbeidet.
    • Gjennomføre og følgje opp faste oppfølgingsmøter med dei tre kommunane

Kvalifikasjonskrav

Me leitar etter deg med stor interesse for fagfeltet og som vil bidra til utvikling og som gjerne har:

  • Høgare utdanning på masternivå, t.d juridisk utdanning eller utdanning i informasjonsteknologi.
  • Erfaring frå relevant arbeid, og er dyktig til å setje personvern inn i ein heilskapleg sikkerheits- og verksemdsamanheng.
  • Evne til å raskt tileigne deg kunnskap og arbeide målretta.
  • Evne til å finne praktiske løysingar i samarbeid med andre når personvernkrav møter nye behov i organisasjonen.
  • God IT-forståing for å bistå i implementering av personverntiltak og innebygd personvern.
  • Erfaring frå å utarbeide ROS og DPIA.
  • Gode nynorskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dokumentasjon på god kjennskap og praksis til krava i personopplysningslova med tilhøyrande forskrifter.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å stimulere resten av verksemda til å handsame personopplysningar i samsvar med regelverket.
  • Viser høg fagleg og personleg integritet.
  • Initiativrik og proaktiv.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • God evne til skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk.
  • Evne til å tenke heilskapleg på tvers av fagområde.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ut over eige fagområde.

Me tilbyr

  • Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksible arbeidstidsordningar.
  • Løn etter avtale.

Andre opplysningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Du søkjer via heimesida til Sogndal kommune

Kontaktperson

Helle Skorpen Selseng
Mob: 48 10 04 71

Til toppen