Ledig 100% stilling som styrar i barnehage

Me har ledig 100 % stilling som styrar i barnehage, førebels fram til 1. august 2023
Søknadsfrist 06.10.2022

Som styrar har du ansvar for:

  • dagleg drift av barnehagen med ansvar for fag, personalleiing og administrasjon inkl. økonomi
  • å leie og vidareutvikle barnehagen i tråd med barnehagelova, rammeplan og andre overordna vedtak
  • å legge tilrette for godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
  • å vere del av styrargruppa
  • å kunne bidra på avdelinga ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. barnehagelova § 24
  • erfaring frå arbeid i barnehage og leiarerfaring er ei føremon
  • god framstillingsevne munnleg og skriftleg
  • godkjend politiattest

Me ser etter ein leiar som er:

  • positiv, engasjert og relasjonsorientert 
  • oppteken av kvalitet på tenesta, er strukturert og målretta
  • oppteken av god dialog og godt samarbeid for å skape ein utviklande barnehagekvardag prega av god omsorg og trygt miljø for både born og vaksne
  • oppteken av glede, meistring og utvikling
  • er lojal mot lov, avtaleverk og kommunene sine retningslinjer og mål 

 Me tilbyr

  • arbeid i ein veldriven kommunen med gode og sikre rammevilkår
  • kompetente og hyggelege medarbeidarar
  • samarbeid med engasjerte og erfarne styrarar
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Her kan du søkja på.
 

Andre ledige stillingar

Til toppen