Viktig informasjon om koronaviruset

Kva er viktig å tenke på i høve dei nye reglane for å redusere covid-19

Årdal kommune stettar dei nasjonale reglane. Me har ikkje lokale reglar i tillegg til dette, men me ynskjer å presisere og forenkle nokre punkt i dei nye reglane og anbefalingane som er iverksett.

Dei nasjonale reglane gjeld frå 25. mars til 12. april.

Me er anbefalt å halde oss heime og ikkje reise på ferie eller feriebesøk. Korkje innanlands eller utanlands.

Så er det lista nokre unnatak og reglar for påsken og elles for besøkande:

  • For å førebyggje einsemd er det åpna for at einslege kan reise til, eller ta imot besøk fra familie. Det gjeld til dømes einslege studentar utan familie og einslege eldre.
  • Dei som har hytte eller ferieleilegheit kan nytte denne i påska, dersom den er lett tilgjengeleg.
  • Ein skal ikkje sette seg i ein situasjon kor ein må ha hjelp til evakuering.
  • Dei same besøkrestriksjonane som du har heime - gjeld og på hytta. Max 2 personer utanom familien, og då helst ute. Ikkje overnatting.
  • Du skal handle på førehand og unngå alle plassar med trengsel.
  • Dei reglane som gjeld for deg der du kjem i frå - vil gjelde for deg når du er i Årdal. Det betyr at du ikkje er tilrådd å oppsøke stader her, som er stengt der du bur til vanleg.
  • Kun fastbuande i Årdal kan nytte treningsstudio.
  • Ved trengsel eller fare for trengsel bruker du munnbind.

Difor: me anbefalar sterkt bruk av munnbind i butikkar, kafear og liknande. Sprit hendene ofte og helst kvar gong du har teke på munnbindet med hendene. Det blir ikkje ført kontroll med dette. Me har tillit til deg.

Blir du sjuk, eller får varsel om å gå i karantene, reiser du heim snarast.

Er du fastbuande tek du kontakt med lokalt legekontor eller legevakta for å avtale vidare tiltak.

Alle arrangement for vaksne er tilrådd utsett eller avlyst. Sjå reglane for arrangement. Det er fleire unntak for born. Uansett gjeld regelen om at ein ikkje samlar personer på tvers av kommunar i eit arrangement.

Me har lite smitte i vår kommune, og ynskjer at det fortsetter. Då kan me fortsatt ha opne skular og aktivitetar for våre barn og unge, og våre gamle kan ta imot meir besøk.

Dersom du kjem frå eit område med høg smitte ynskjer me at du viser særskild varsemd i påsken. Ikkje del bad, baderomsutstyr, soverom eller kjøkkenutstyr. Hald god avstand til alle.

Last ned Smittestopp appen Da hjelper du smittesporarane i sitt arbeid.

Ynskjer alle ei koronafri påske.

Til toppen