Viktig informasjon om koronaviruset

Kunngjering: Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for masseuttak Biskopen

I samsvar med plan- og bygningslovens §12-8 vert det varsla oppstart av arbeidet med detaljreguleringsplan for masseuttak Biskopen. Planområdet er ved Biskopsvatnet på eigedommen gnr. 10 bnr.1 ved fylkesveg 53 og femnar om eit areal på i underkant av 100 daa.

Føremålet med planen er å få frigitt dei deponerte massane slik at dei kan nyttast til samfunnstenlege føremål. 

Området er i kommuneplanen sett av til LNF-område for spreidd utbygging av fritidsbygg der eksisterande bygg kan utvidast. Planen fører etter kommunen si vurdering ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova eller utarbeiding av planprogram. 

Alle kjende grunneigarar/naboar som grensar til eller ligg innanfor planområdet får tilsendt oppstartsvarselet. Oppstart av planarbeidet vert og annonsert i Sogn Avis.

Melding om oppstart av arbeid (DOCX, 2 MB)
KU-vurdering (PDF, 29 kB)
Planinitiativ - referat frå oppstartsmøte (PDF, 769 kB)

Merknader til oppstartsvarselet skal sendast skriftleg innan 18.03.2021 til:

Norconsult AS v/Cornelis Erstad
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal
Eller e-post til: cornelis.erstad@norconsult.com

Til toppen