Krevjande legesituasjon

Årdal kommune manglar for tida to fastlegar og det fører til at det kan vere krevjande å få time for dei pasientane som ikkje har fastlege. Det er i tillegg generelt lang ventetid på ordinære legetimar hjå alle fastlegane. 

Det var venta inn ein vikarlege, men kommunen har fått melding om at denne ikkje kjem som planlagt. Pasientar som alt har fått time hjå denne vikarlegen vil i tida framover få sms frå legekontoret om at timen vert endra.

Helsetenesta arbeider aktivt med ulike tiltak for å skaffe legar og vikarlegar, men situasjonen er vanskeleg over heile landet.

Me beklagar dei ulemper dette vert for innbyggarane våre.
 

Til toppen