Koronasmitte i området

I den siste tida har det vore nokon enkelte smittetilfelle her i Årdal. I tillegg er det no påvist fleire personar i Lærdal kommune med koronasmitte. Det gjeld både vaksne og barn i skule og barnehage.

Det er mykje luftvegssmitte rundt oss no. Fleire har vore og er for tida forkjølt.
Sidan det kan vere vanskeleg å skilje normal forkjøling frå korona, og det i tillegg er koronasmitte i nærområdet, er det ynskjeleg at dei som er sjuke er ekstra merksam og testar seg for korona.

Me ber vaksne med symptom om å ta ein test for å sjekke ut smitte. Særleg gjeld dette dersom symptoma er nyoppstått og du har vore på reise eller stadar der det er stort smittepress. Foreldre til barn i skule og barnehage er oppmoda til å teste born ved symptom.

Ved positiv hurtigtest skal du alltid kontakte legekontoret. Ved negativ test kan du vende tilbake til jobb/ skule/ barnehage ved klar betring, sjå nasjonale retningslinjer.

Pandemien er ikkje heilt over – og me minner om råd som framleis gjeld:

•    hald deg heime når du er sjuk (alle med nyoppståtte luftvegsymptom som forkjøling, hoste, feber, hovudverk skal vere heime til klar betring.
•    test deg
•    ver nøye med handhygiene

Til toppen