Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona.  Information about corona in other languages.

Koronatelefon 901 11 630 - open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 (stengt i helgi)
Vaksinetelefon 989 06 097 - open i legekontoret si opningstid.

            Informasjonsmeldingar 

Koronainformasjon 14. januar

Regjeringen presenterte torsdag 13. januar nye nasjonale tiltak. Årdal kommune følgjer dei nasjonale tiltaka og oppmodar innbyggjarar og næringsliv om å sette seg inn i det som no gjeld. 

Smitte

Det er smitte i Årdal og me må i tida framover måtte rekne med at det er smitte i samfunnet, både kjente og ukjente tilfeller. Kommunen vil forsøke å oppdatere smittestatus ein gong i veka, men dette kan endre seg om smittesituasjonen endrar seg. Blir det smitteutbrot vil det bli lagt ut meir konkret informasjon om det. 

I veke 2 har me fått melding om sju tilfeller som er knytt til innreise og smitte i enkeltfamiliar. 

Det er viktig at kvar og ein følgjer dei råd og reglar som gjeld for å unngå smittespreiing.

Opplæring

I Årdal vil barnehagane, skulane og vaksenopplæringen frå måndag 17. januar vere på grønt nivå. 
Frå 17. januar vil og vidaregåande skular vere på grønt nivå og skuledagen kan organiserast som normalt. Vestland fylkeskommune har eigne informasjonssider med koronainformasjon.

Vaksinering

Helsetenesta kallar inn og vaksinerer fortløpande etter kvart som me får oversikt på tal vaksiner som kjem til kommunen. Det gå minst 20 veker mellom dose 2 og 3. Per no er det kalla inn til vaksinering av om lag 600 personar torsdag og fredag i veke 3. I veke 4 vert det vaksinering av nærmarer 300 personar.

Nye råd og reglar frå 14. januar 2022
 

Til toppen