Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Knallsterkt resultat i kommune-NM

Årdal klatrar mest og har flest lærlingar. 

Årdal er den kommunen som har høgast andel sysselsette med fagbrev. 

Det går fram av ein rapport frå NHO som for tiande år på rad har arrangert kommune-NM og rangert landets mest næringsvennlege kommunar. 
Her går det fram at sysselsettinga i Årdal er på 79,6 prosent, noko som er ti prosent høgare enn fylkessnittet i Vestland og 4,5 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. 

Toppar på kompetanse

Arbeidsløysa i Årdal er på 1,3 prosent, medan det på landsbasis er 4,1. I Vestland fylke er arbeidsløysa 3,0 prosent. 
Når det gjeld kompetanse, både i form av faglærte og høgare utdanning, tek Årdal ein knallsterk 5. plass på landsbasis og ligg godt framfor både Bergen og Sogndal på 13. og 14. plass. 
Det er likevel andelen sysselsette med bestått fagprøve som tek Årdal heilt til topps. Her skårar Årdal 37 prosent i snitt, noko som er over dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet på 16 prosent. 
Dagleg leiar i Sogn Opplæringskontor og varaordførar Anne Kauppi er særs godt nøgd, men ikkje så veldig overraska.

Flott jubileumsgåve

- Dette er ikkje uventa med tanke på at bedriftene i Årdal er svært gode på å ta inn lærlingar i mange ulike fag. Sogn Opplæringskontor har 91 kontraktar berre i Årdal kommune, noko som er høgt for ein kommune med 5170 innbyggjarar, seier Kauppi.

Sogn Opplæringskontor rundar 10 år i år og leiaren er naturleg nok særs godt nøgd med jubileumsgåva. SOK har nemleg for tida 200 aktive lærlingkontraktar, der altså nær halvparten er i Årdal. Hittil i år er det 41 nye lærekontraktar i Årdal og me har stor tru på auke i løpet av hausten.

- Eg er veldig stolt, dette har me jobba lenge og målretta for, slår ho fast. 

Klatrar høgast

Kommune-NM måler ikkje kor bra det er å bu i ein kommune, men det økonomiske grunnlaget for kommunen når ei legg vekt på indikatorane innafor tema som næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. 

Årdal er den kommunen som har klatra mest på lista og går opp heile 46 plassar frå kåringa i fjor. Varaordføraren tykkjer dette er vanvittig bra og er strålande nøgd. 

Årdal hamnar dermed på 50. plass samanlagd av alle landets 352 kommunar, og sjuandeplass i Vestland. 

I høve til folketalsvekst hadde Årdal i 2020 ein negativ utvikling på 0,7 prosent, nøyaktig det same som landsgjennomsnittet.

Sjå heile rapporten og tala for Årdal her! 
 

Til toppen