Klare for prestisjetung finale

Denne gjengen her leikar ikkje med Lego!

- Eg er verkeleg utruleg imponert over alle laga, seier Vibeke Rinde, som er lærar i valfag programmering og jobbar i Sogn Opplæringskontor. Ho er rettleiar for deltakarane i First Lego League Challenge.

Avanserte greier 
Det dreier seg om Lego, det dreier seg om programmering – og det dreier seg om å inspirera deltakarane til å setta eigne idear ut i livet. 
First LEGO League Challenge er ein kunnskaps-og teknologikonkurranse som strekker seg over ein arbeidsperiode på åtte veker. 
Den har som mål å inspirera barn og unge i alderen 10-16 år til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar. Tanken er å fremja utforskartrong og programmering. 

Det er heller ikkje småtteri dei unge finalistane skal bryna seg på. 
- For åtte veker sidan fekk elevane oppdraget med å finna løysingar på transportutfordringane i framtida. Dei fekk ein legobil som dei skulle byggja og programmera. Etter kvart fekk dei ei bane der dei skulle løysa utofrdringar undervegs. Målet er å velja den strategien som gjev flest mogleg poeng i løpet av to og eit halvt minutt. Det er ganske så avensert, seier Vibeke Rinde.

Rein jentefinale

Elevar frå Sogn har tidlegare delteke i konkurransen, men det er første gong at finalen vert arrangert her i regionen. 
I Årdal var det fleire lag frå åttande- og niande klasse som deltok i ein elles knallhard konkurranse om å få representera Noreg i den skandinaviske finalen. Den går av stabelen i Ålesund i februar og samlar vinnarar i dei ulike greinene frå Danmark, Sverige og Færøyane.

Rinde frydar seg ikkje minst over at det vart ein rein jentefinale mellom åttandeklassande frå Tangen skule og Farnes skule, der sistnemde til slutt trekte det aller lengste strået.
Klassen frå Farnes fekk prosjektprisen og vann dessutan robotkonkurransen og vart dermed best samanlagd. 

8.klasse ved Tangen skule vann Kjerneverdiprisen og fekk andreplass i robotkonkurransen, medan niandeklassingane vann teknologiprisen. 

- Begge lag persa i finalen, det er verkeleg imponerande når nervene står i høgspenn. Me gledar oss skikkeleg til å få reisa til Ålesund, det er første gongen me skal vera med på ein slik stor finale, så no skal me jobba hardt og øva masse, slår Rinde fast. 

Me gratulerer så masse og ynskjer lukke til med førebuingane til finalen! 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Til toppen