Viktig informasjon om koronaviruset

Ikkje tilbod om Janssen-vaksinen i Årdal

Med bakgrunn i anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Legeforeningen, er legane i Årdal kommune einige om å ikkje tilby Janssen-vaksinen på legekontoret.

Janssen vaksinen er ikkje ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet mot Covid-19.

Med det noverande smittenivået lokalt og nasjonalt, og med den forventa framgangen i massevaksinasjon med mRNA-vaksiner, finn vi ikkje grunnlag for å vurdere å gje vaksinasjon utanfor det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.
 

Frode Myklebust
-kommuneoverlege-

Til toppen