Høyring: Samfunnsplan 2022-2030 Teknologi og miljø inn i framtida

Formannskapet har i møte 7. april vedteke å legge utkast til ny kommuneplan samfunnsdel for Årdal,  «Teknologi og miljø inn i framtida», ut på offentleg høyring, i tråd med PBL § 11-14.

Høyringsfrist 23. mai 2022.

   

Kommuneplanen for Årdal viser i kva for retning vi ynskjer kommunen skal utvikle seg i over tid, og korleis kommunen og andre aktørar vil bidra til at utviklinga kan gå i den retninga.

Kommunen har lagt sterke føringar om å vere i front for å setje dagsorden for arbeid i eigen organisasjon og i samfunnet som heilskap. Samfunnsdelen tek difor utgangspunkt i FN sine berekraftsmål og dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling:

  • klima/miljø
  • økonomi
  • sosiale tilhøve

Dei ulike tema i planen viser korleis kommunen skal få meir fokus på utfordringane innan dei tre dimensjonane og peiker ut strategiar og prioriteringar med bakgrunn i desse.

Planutkast til ny kommuneplan samfunnsdel for Årdal 2022-2030: :  «Teknologi og miljø inn i framtida» - høyringsdokument (PDF, 12 MB)

Helseoversikten i Årdal kommune 2019-2023  (PDF, 3 MB)

Innspel til kommuneplanen kan sendast til:

Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no innan 23. mai 2022.

Til toppen