Viktig informasjon om koronaviruset

Høyring: mindre endring av reguleringsplan for fv. 53 Holsbru

Det er med heimel i pbl § 12-14 søkt om mindre endring av reguleringsplan for fv. 53 Holsbru, vedteke 28.03.2019.

Høyringsfrist 21. juni 2021.

I samsvar med lovendringa i 2017 og ønskje om å effektivisere planprosessen er høvet til å gjere endringar i reguleringsplan utan full planhandsaming vorte betydeleg auka. Mindre endring er no definert som «når endringa i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen for øvrig, ikkje går utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råkar ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde».

I samsvar med føresetnadane i lovteksten vert det søkt om følgjande mindre endring:
Endring av arealføremål for deponiområde frå annan veggrunn – teknisk anlegg (deponi) til Masseuttak

Utdjupande grunngjeving og vurdering kjem fram i vedlegga:
Søknad om mindre endring av reguleringsplan for fv. 53 Holsbru (PDF, 452 kB)
KU-vurdering mindre endring reguleringsplan for fv. 53 Holsbru (PDF, 29 kB)
Nabovarsel (PDF, 123 kB)

Eventuelle innspel/merknadar til planendringa vert sendt innan 21.06.2021 til:
Norconsult AS v/Cornelis Erstad
Campus Fosshaugane
Trolladalen 30
6856 Sogndal
eller på e-post til: cornelis.erstad@norconsult.com

Spørsmål kan også rettast via same e-postadresse eller på tlf. 410 43 715

Til toppen