Høyring: Førebyggande plan for barn og unge

Førebyggande plan for barn og unge 2024-2028 vert lagt ut på høyring i tre veker.

Høyringsfrist 12. september

I Barnevernslova § 3-1 første ledd, går det fram at det er kommunen som har ansvaret for å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar. Vidare går det fram av andre ledd i barnevernslova at:

«Kommunestyret selv skal vedta en plan for kommunens forebyggende arbeid etter første ledd. Planen skal beskrive hva som er målene for arbeidet, hvordan arbeidet skal organiseres og fordeles mellom etatene i kommunen, og hvordan etatene skal samarbeide».

Årdal kommune sitt framlegg til Førebyggande plan for barn og unge 2024-2028 (PDF, 2 MB) vert no lagt ut på høyring.

Barnevernsreforma /oppvekstreforma tok til å gjelde den 01.01.2022, og gav kommunane meir ansvar på barnevernsområdet. Bakgrunnen for dette er kommunen sin nærleik til familiane, og innsikt i behova til barna og foreldra.

Reforma regulerer først og fremst barnevernet, men måla i reforma vert nådd gjennom endringar i heile oppvekstsektoren i kommunane og andre tenester som jobbar inn mot oppvekstsektoren i kommunane. Difor er barnevernsreforma i realiteten ei oppvekstreform, der kommunane skal leggje til rette for tverrfagleg samhandling mellom ulike kommunale tenester og nivå. 
Samhandlinga skal synleggjerast vidare i Årdal kommune sin "Førbyggande plan for barn og unge" 
Eitt av måla med barnevernsreforma er at kommunane skal styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging i heile oppvekstsektoren. Hjelpa skal verte tilpassa behova til barna og familiane.

Merknader til planen kan sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no innan 12. september 2024.