Høyring: Budsjett 2023, økonomi og handlingsplan 2023-2026

Årdal formannskap sitt framlegg til budsjett for 2023, økonomiplan 2023-2026 og prisliste 2023 vert i samsvar med kommunelova §14-3 lagt ut til offentleg ettersyn frå 17. november.

Høyringsfrist 1. desember kl. 15.00.

Dokumentet vert lagt ut på følgjande stader:

  • Tenestetorget, rådhuset Årdalstangen
  • Årdal bibliotek
  • Årdal kommune si heimeside

Ålmenta, dei politiske partia og andre organisasjonar kan sende innspel eller merknader til: postmottak@ardal.kommune.no eller Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen seinast innan 1.12.2022 kl. 15.00.

Budsjett 2023 og økonomiplan 2023 - 2026 skal handsamast av Årdal kommunestyre torsdag 15. desember 2022.

Formannskapssak 115/22 - Budsjett, økonomi og handlingsplan 2023-2026 (PDF, 626 kB)
Budsjett 2023, økonomi og handlingsplan 2023-2026 høyringsdokument  (PDF, 2 MB)

Prisar, satsar og gebyr 2023  (PDF, 415 kB)

Til toppen