Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Har du vore på fest? Ta ein test!

Ikkje vent til du får symptom. Når smitten vert påvist raskt er det større sjanse for at du ikkje rekk å smitta familie og vener.

Det er no i alt stadfesta ni smitta personar i Sogndal kommune. Alle har relasjon til utbrotet på utestaden Meat Point. 
I tillegg er det stadfesta ein person smitta i Vik og fem i Luster med relasjon til same utbrotet.

Alle kommunane har god kapasitet på testing og smittesporing. Dersom det framleis er folk som har vore på Meatpoint på laurdag 17. juli etter kl. 22.00 som ikkje har testa seg ber me dei gjere det så snart som mogleg.

Generelt ber me folk no følgje mottoet "har du vore på fest, ta ein test". Dei smitta har få eller ingen symptom.

Sogndal kommune er i dialog med FHI og Statsforvaltaren om eventuelle lokale tiltak utover testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) og fått råd om at situasjonen er såpass oversiktleg at det ikkje blir rådd til spesielle lokale eller regionale tiltak no.

Kommunane i regionen har i møte i dag vorte einige om å intensivere kontrollen med skjenkestadane i regionen og alle stadar kan rekne med kontrollar i helga og i tida framover. 

Rådet til innbyggjarane vil vere å avgrense talet på nærkontaktar framover, hugse smittevernreglane og avgrense reiser til stadar der det er lokale utbrot. Me ser at slike utbrot stadig oppstår ulike stadar og ber folk om å halde seg orientert over situasjonen i kommunen dei reiser til.

Ha smittevernreglane med deg når du reiser;
HALD AVSTAND, VASK HENDER OG HALD DEG HEIME OM DU ER SJUK
 

Til toppen