Viktig informasjon om koronaviruset

Gjeld time til koronavaksinering

Presisering til dei som får innkalling til vaksinering.

Årdal kommune er no gått over frå telefon til sms-innkalling for time til vaksinering. Vaksinen kjem til kommunen onsdag kveld og det blir da vaksinert torsdagar.

* Det er ikkje mogleg å velja time for vaksine sjølv.
* Det er ikkje høve til å endre tid for koronavaksine til ein dag som passar betre.

Kan du ikkje møte til oppsett tid, så må du melde avbod. Når du ringer og avbestiller vil du ikkje få ny time men må vente på ny annonsering. Det er da usikkert når du vil få nytt tilbod om vaksine.

Dei pasientane som får innkalling, og som er lagt inn på sjukehus eller har anna lege-/sjukehusavtale som det av helsemessige årsaker ikkje bør endrast - tek kontakt med legekontoret for ny avtale om vaksine.

Det er ressurskrevjande arbeid å kalle inn dei som skal ha vaksine og det er ikkje mogleg for kommunen å organisering bytte av time.

Til toppen