Fryktar at viktige kulturminne skal ryka i flaumen

Fleire av dei unike bygningane står i fare.
-  Ein katastrofe om kulturarven vår går tapt , seier ordførar Hilmar Høl.

Sterk vassføring i Ofredalselvi Indre Ofredals Vener/entrepenør

Høg vassføring i Offerdalsvassdraget utover fredagen gjer sitt til at dei gamle bygningane Ne`fø`Sjøen står i fare for å stryka med.
Anlegget som har uvurderleg kulturhistorisk verdi, vart overteke av Årdal kommune på midten av 90-talet. Dei seinare åra har Indre Ofredals vener lagt ned titusenvis av dugnadstimar for å restaurera anlegget, som melom anna omfattar sagbruk og mølle.

- Eg har fått særs urovekkjande rapportar frå

Indre Ofredal i dag, der vassføringa i elva og Kleivlifossen er langt større enn normalt og trugar fleire av bygningane ved anlegget. Vatnet har allereie trengt inn i eit mindre uthus på eigedommen, fortel ordførar i Årdal, Hilmar Høl.

Han har sett krisestab og hatt hektisk verksemd gjennom heile fredagen med tanke på flaumsituasjonen. Rapportane tyder på at flaumtoppen vil bli nådd rundt midnatt, difor vert beredskapen heldt oppe i kommunen utover kvelden og natta.

Brannsjef Gaute Johnsgård opplyser at Årdal kommune har alt tilgjengeleg personell og utstyr i beredskap fleire stader i kommunen, og at det er tett dialog med mellom anna Hydro Energi, beredskapen og politiet.
- Me har ekstra ressursar på vatn og avløp alle dei plassane i kommunen der det kan bli naudsynt, seier brannsjefen.

Kommunalsjef for helse og omsorg og NAV, Mette Hestetun Berg, opplyser at det vert etablert beredskap for legevakt i kommunen denne helga, i tillegg til at det også er ordinær legevakt ved sjukehuset i Lærdal.
- Ved behov kan folk kontakta legevakt på det vanlege nummeret, seier Berg.

I Indre Ofredal har entreprenør vore på synfaring for å kartleggja situasjonen. Konklusjonen er at det er lite anna å gjera enn å venta.
- Det er alt for farleg å setta i verk noko tiltak her på noverande tidspunkt, seier brannsjef Gaute Johnsgård.
- Det er kulturarven vår det er snakk om her. Sjølv om det i utgangspunktet er snakk om bygningar der det ikkje bur folk, har akkurat desse bygningane stor verdi for ålmenta. Me held situasjonen under oppsyn utover ettermiddagen og kvelden, seier Johnsgård.

Oppgangssaga er ei av særs få som er bevart her til lands og er først nyleg restaurert i ein slik grad at ho fungerer. Anlegget i Indre Ofredal var frå midten av 1800-talet og fram mot andre verdskrig eit særs viktig senter for handel og næringsverksemd i heile Indre Sogn. Det var eit økonomisk og dessutan politisk tyngdepunkt i Årdal. Her hadde dei to første ordførarane i kommunen sitt sete, her var også postkontor, sagbruk og mølle.

- Dette var det første industriområdet me hadde her i Årdal, med produksjon, lossing og lasrting av både råvarer og ferdigprodukt. Her dreiv bøndene foredling og eksport av furuskogen, som dalen her er så kjend for, opplyser Høl, som meiner det vil vera ein katastrofe om noko av anlegget her skulle gå tapt.

- Ein ting er den verdien denne kulturskatten har, ikkje berre for Årdal , men for heile fylket og landet. Ein anna ting er at det er brukt så utruleg store ressursar, både økonomisk og i form av dugnadstimar, på å setja anlegget i stand og vedlikehalda det dei seinare åra. Ingenting av dette vil vera mogleg å erstatta, seier Høl, og understrekar:

- Men framfor alt handlar det om liv og helse og infrastruktur. Difor mobiliserer Årdal kommune det som er av naudsynt utstyr og personell og oppmodar alle innbyggjarar om å halda seg i ro og ta godt vare på seg sjølv og kvarandre.

Kontaktinfo: Hilmar Høl, ordførar, telefon 902 01 564.

 

Foto: Indre Ofredals Vener/entrepenør

Til toppen