Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Frydar seg over flyttestraumen: - me skal vinna dette veddemålet

Langt fleire kjem flyttande til bygda enn dei som reiser ut. Ordføraren håpar han kan ha snudd ein negativ trend.  

- Eg kan ikkje hugsa å ha sett liknande tal nokon gong, seier ordførar Hilmar Høl. 
Då han gjorde opp rekneskap for juni og juli 2021, oppdaga han nemleg ein tilvekst i folketalet han sjeldan har sett dei siste åra. 

Aftenposten melder om at flyttestraumen ut av hovudstaden no fører til at folketalet faktisk går ned etter fleire åre med auke. Sjølv om også rekordmange flytta til Oslo i fjor, enda såkalla netto flyttetap på 1808 personar, det høgaste talet på 20 år. 

I Årdal er det motsett, og sjølv om det historisk sett kan vera vanskeleg å slå fast om det er snakk om rekord eller ikkje, er det likevel eit faktum at innflyttinga sjeldan har vore større enn sommaren 2021.Klikk for stort bileteOrdføraren frydar seg over flyttestraumen Hanne Stedje    

Heile 50 personar har flytta til Årdal i løpet av juni og juli i følgje tal frå Folkeregisteret. 
I same periode har 23 personar meldt flytting frå kommunen. Samanlagd med fødsels- og dødstal syner rekneskapen eit overskot på 26 innbyggjarar denne sommaren. 

- Og det er rett og slett heilt fantastisk! seier ordførar Hilmar Høl, vel vitande om at han har eit uttala veddemål gåande med Statistisk Sentralbyrå, som har spådd ein nedgang i folketalet på nesten 25 prosent innan 2050. Med andre ord: ein av fire innbyggjarar vil forsvinna. Det gjer Årdal til eitt av dei mest sårbare lokalsamfunna i landet. 

- Me jobbar målretta for å vinna dette veddemålet, mellom anna gjennom etableringa av tilflyttarkontoret, som set rekruttering av nye innbyggjarar i system. Det er klart det er fleire variablar som gjev utslag i ein slik statistikk og me veit sjølvsagt at inn- og utflytting vil variera, men me håpar me greier å snu ein trend som stort sett har vore negativ gjennom mange år. 

Ordføraren gler seg over mangfaldet han ser blant tilflyttarane, som omfattar mellom anna 11 born under 18 år, både einslege og familiar, jamn fordeling mellom kjønn og nasjonalitet. 

- Me opplever at folk som flytta frå bygda for å ta utdanning no kjem attende, og at dei også har med seg familien, samstundes som det er veldig gledeleg å sjå at det kjem tilflyttarar til bygda fordi det er spennande og varierte moglegheiter i arbeidslivet. Dette er noko me må satsa meir på å leggja til rette for. Motsett håpar me at til dømes studentar som skal flytta ut for ta utdanning ikkje melder flytting ut av kommunen. I sommar har me hatt ein kampanje mellom anna i sosiale media, der me har oppmoda dei om å halda fram med å vera årdøler – også på papiret. Me er spente på om me kan sjå nokon effekt av dette når me får tala for august og september. 

I løpet av dei to sommarmånadane juni og juli er det fødd ni born og prognosane seier at totalen er på litt over 40 i 2021. 
Akkurat det skulle ordføraren sett var litt høgare. 
- Der har me eit mål eller i alle fall eit håp om at me skal ha minst 50 fødslar i året, så her har me utvilsomt ein jobb å gjera, seier han og skundar seg å legga til at den jobben først og fremst handlar om å inspirera innbyggjarane til å få fleire born. 
- Her har me sett at det er ein del kreative metodar som vert tekne i bruk landet over, me har også nokre planar me jobbar med som me trur kan gje resultat på sikt. Me har også håp om at me går ein ekstra kald vinter i møte, slik at folk rett og slett må trekkja tettare saman. Sånt pleier å hjelpa. 

Kontaktperson:
Ordførar Hilmar Høl
telefon 902 01 564
epost: hilmar.hol@ardal.kommune.no 

Til toppen