FRISK START - bli med på utandørs trening i sommar!

Ha det kjekt, vær sosial og kom i litt bedre form!  

FRISK START er eit gratis tilbod til deg som har lyst å komme deg ut og i aktivitet - saman med andre. 

Tid og stad:

  • Mandagar kl 14 (oppstart 20. juni)
  • Oppmøte på parkeringsplassen på Ytre Moa (ingen påmelding)

Frå 20. juni til og med 8. august tilbyr Frisklivssentralen i Årdal felles utandørs trening kvar mandag kl 14.00. 

Økta inneheld tur, lett styrketrening og kondisjonstrening. 
Vi held på i ca 45 minutt og lovar god stemning.

Trening i regi av Frisklivssentralen skjer på eige ansvar. Ta kontakt med fastlege om du er usikker på om du kan delta av helsemessige årsaker.

Kontaktinfo: 

For meir informasjon kontakt fysioterapeut Gøran Hestetun mobil 976 89 603 eller fysioterapeut Inger Anne Sagosen mobil 902 16 589.

Tilbodet er gratis - ta med deg ein ven og kom :-)

 

Til toppen