Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Fri tilgang til utebassenga i sommar for grunnskuleelevane

Årdal kommune startar sommarskulen for å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien 2021. Som ein del av sommarskuletilbodet i Årdal vil alle elevane i grunnskulane våre få fribillettar til utebassenga i kommunen denne sommaren. 

Klikk for stort bilete  

Sommarskulen skal bidra til meistring og spanande opplevingar innan ulike tema, både praktisk og fysisk. Tilbodet er meint å motivere spesielt elevar i overgang barneskule og ungdomsskule eller frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring. Kommunane kan sjølv bestemme innhald og kva aldersgruppe som skal få tilbodet. I Årdal vil alle som elevar, 1.-10.klassen, i skuleåret 2020/21 få tilbod om å delta på ulike opplegg.

Fleire tilbod til elevane i Årdal vil denne sommaren vera knytt opp mot natur, forsking og ulike aktivitetar i regi av biblioteket. Meir informasjon om tilboda kjem her på heimesida vår. Merk deg - Sommarskuletilbod 2021.

Til toppen