Folketalet aukar – ordføraren jublar

Pilene peikar oppover for Årdal om dagen. 
Det syner ferske tal offentleggjort av Statistisk Sentralbyrå denne veka. Her går det fram at det per dags dato er 5171 årdøler, det er to fleire enn då tredje kvartal byrja, altså i juli. 

Tala syner ei nettoinnflytting på 5, altså medrekna innflyttarar og utflyttarar i same periode. 58 personar flytta til bygda i løpet av denne perioden, samstundes som 53 personar flytta ut. 
Det som gjer at folketalsveksten likevel berre er to, er at det er eit fødselsunderskot på 3. 
Medan det er registrert 12 fødslar i denne perioden, vart det også registrert 15 dødsfall.

Jamvel om to kan synast marginalt, er det likevel i overkant av det Statistisk Sentralbyrå tidlegare har spådd om folketalsutviklinga i Årdal.
- Me er glade for kvar og ein innbyggjar som kjem til, anten det er på den eine eller den andre måten, seier ordførar Hilmar Høl, godt nøgd. 

- Mellom anna såg me at det i løpet av juni og juli kom fleire nye innbyggjarar flyttande til bygda enn nokon gong tidlegare – og me veit at det er fleire på veg. 
Tilflyttarkontoret vårt har kontakt med fleire familiar som kjem til bygda rundt årsskiftet, i tillegg til at me framleis har fleire fødslar i vente før året er omme, seier Høl, som seinast denne veka fekk sitt første barnebarn.

Den vesle tassen er naturleg nok ikkje med i talgrunnlaget for tredje kvartal, men vil vonleg bidra til ein skikkeleg oppsving når det skal takast manntal ved årsskiftet.

- Med tanke på dei dystre utsiktene SSB har hatt for oss tidlegare, er dette positive tal. No ventar me i spaning på korleis resultatet vil bli med tanke på heile 2021 sett under eitt. Der er me optimistiske og har tru på at me går i pluss og at me såleis går det nye året i møte med stigande kurve. 

Til toppen