Finfin auke i folketalet

Det blir stadig fleire årdøler. Ordførar Hilmar Høl feirar kvar einaste ein.

Nøgd ordførar Hilmar Høl   

Ferske tal frå Folkeregisteret syner at det ved inngangen til 2021 var 5169 årdøler, medan det no har passert 5200 med fin margin.
Det tyder med andre ord at det er 43 fleire årdøler i år enn på same tid i fjor.

Ei årsak er at det er fødd fleire born medan færre har døydd enn året før, men den viktigaste grunnen er at det har flytta fleire inn og færre ut.

Ordførar Hilmar Høl er naturleg nok oppglødd over resultatet.
- Dette er ein vekst me hadde håpa på, men knapt turt å drøyma om. Vekst i folketalet er utruleg viktig for Årdal, det viser at det er optimisme i folket og tru på ei framtid her i bygda, slår han fast.

Statistisk sentralbyrå opererer med omgrepet «nettoflytting», som er talet på personar som har flytta inn til kommunen minus talet på personar som har flytta ut.

Frå å vera -4 i 2020 i følgje SSB, ser det ut til at dette talet no vil enda på +42 i 2021.

- Akkurat det er rett og slett heilt villt! Me var nok klar over at me ikkje ville gå i minus, men at talet er så høgt må eg innrømma er litt overraskande. Me hadde ikkje trudd me ville sjå så tydelege resultat såpass kort tid etter at me auka satsinga på rekruttering ved hjelp av tilflyttarkontoret, seier Høl.

Det var då Statistisk Sentralbyrå utropte Årdal til Norges mest sårbare kommune for to år sidan at kommuneleiinga bestemte seg for å inngå eit slags veddemål om folketalsutvikling.
I følgje Statistisk Sentralbyrå sine prognosar er det venta at det vil gå jamnt nedover til 4638 innbyggjarar innan 2030.

Eit viktig tiltak for å motverka dei dystre spådommane, vart å etablera tilflyttarkontoret hausten 2020. Føremålet her er å auka tilflytting og hindra fråflytting innanfor eit nokså breitt spekter av funksjonar. Rekruttering av nøkkelpersonell både til Årdal kommune og bygda generelt er også eit viktig fokus.

- Det er ikkje tvil om at me så langt har lukkast med strategien, men det er viktig no at me jobbar knallhardt vidare med å sikra dei arbeidsplassane me har i Årdal og ikkje minst, skapa fleire. Uansett korleis ein vender på det, er det slik at gode, trygge og spennande arbeidsplassar er det viktigaste verkemiddelet for å styrka folketalet, seier Høl.
Han framhevar eit mangfaldig næringsliv som sjølve grunnlaget for satsinga.

- Eg opplever verkeleg at næringslivet i bygda spelar på lag med kommunen når det gjeld å legga til rette for å rekruttera nye innbyggjarar og syta for jobb til dei. Det er det som er alfa og omega i ei slik felles satsing på framtida som det me gjer her. Det er pengane me lever av, og det er arbeid til alle  som ligg i botn for alt. Det hjelper lite at Årdal har flott natur, gode tilbod innan skule, kultur og idrett dersom det ikkje er jobb til folk. Difor intensiverer me arbeidet med å få etablert fleire statlege arbeidsplassar innan 2025, noko eg er heilt sikker på vil gjera underverk for folketalsutviklinga, meiner ordføraren.

For spørsmål og kommentarar kontakt:
ordførar Hilmar Høl
telefon 902 01 564, epost: hilmar.hol@ardal.kommune.no

kommunedirektør Stig Stark-Johansen
telefon 924 14 887, epost: stig.stark-johansen@ardal.kommune.no

leiar for tilflyttarkontoret Hanne Stedje
telefon 994 61 283, epost: hanne.stedje@ardal.kommune.no

Fakta om tala for 2021:

144 personar flytta til Årdal frå ein annan stad i Noreg.

  • Av desse er 75 kvinner og 69 menn.
  • 24 personar innvandra til Årdal frå utlandet.
  • Av desse er 12 kvinner og 12 menn

Til saman har altså 168 personar flytta til Årdal i 2021.

  • Av desse er det 29 born under 12 år og sju born under 18 år.
  • 96 personar er i aldersgruppa 18-45 år.
  • 33 personar er i aldersgruppa frå 46 år og eldre.

41 born vart fødde i Årdal i 2021, 20 jenter og 21 gutar.
Mellom tilflyttarane var også tre nyfødde, noko som gjer at ein reknar fødselstala for Årdal i 2021 som 44.

Samla sett er 16 av desse nyfødde heimehøyrande på Tangen, 8 gutar og 8 jenter.
I Øvre er det 12 jenter og 16 gutar

Av dei som flytta til bygda, har 109 adresse Øvre Årdal, 59 har adresse Årdalstangen

Folketalet i Øvre Årdal er 3289
Folketalet på Årdalstangen: 1908

107 personar flytta frå Årdal til ein annan stad i Noreg.
10 personar utvandra frå Årdal til utlandet.
Til saman er det 117 personar

49 personar døydde i Årdal i 2021.

Merk: Det er nokre variablar som kan gje mindre utslag i statistikkane, så som at Folkeregisteret opererer med flyttedato og Skatteetaten med registreringsdato. Difor kan det rundt årsskiftet vera noko variasjon. Statistisk Sentralbyrå baserer sine tal på grunnlaget frå Folkeregisteret, men gjer eit øyeblikksbilete kvart kvartal. Dei tala Årdal kommune får i hende frå Folkeregisteret via Tieto/Evry vert oppdatert løpande.

Til toppen