Viktig informasjon om koronaviruset

Er du i manntalet i Årdal?

Du kan undersøkje om du står i kommunen sitt manntal frå og med 12. juli.
Manntalet ligg til gjennomsyn på Årdal bibliotek og Tenestetorget, og vert liggjande ute til og med valdagen 13. september 2021.

I samband med stortingsvalet 2021 vert manntalet lag ut til offentleg ettersyn i Årdal kommune. Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved stortingsvalet til hausten. 

Har du flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre er feil innført eller ikkje står i manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen jf, valglovens § 2‐7. Kravet skal vere skriftleg og grunngjevast.

Adressa til valstyret er: Årdal Valstyre, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

-valstyret-
 

Til toppen