Søknadsfrist for barnehage og SFO hausten 2023 er 1. februar

Eigedomsskatt 2023

Liste over utskriven eigedomsskatt i Årdal kommune, for året 2023, vert lagt ut til offentleg ettersyn på Tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen i tre veker frå 30. januar 2023.

Eigedomsskatt er utlikna med kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for vanlege eigedommar / fritidsbustader, kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for jordbruk og kr. 7,- pr. 1.000,- for næring og anlegg. Eigedomsskatt og kommunale avgifter er på same fakturaen, og blir fakturert i fire terminar med forfall 16. februar, 16. mai, 16. august og 16. november.

Søkje fritak for eigedomsskatt

Dei som etter §7 i lov om eigedomsskatt kan søkje om fritak frå eigedomsskatt - må gjere dette innan 9. februar.
Søknad skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no.

Søknad om fritak gjeld også lag og organisasjonar.

Til toppen