Eigedomsskatt 2022

Liste over utskriven eigedomsskatt i Årdal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå 1. mars på Tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen.

  

Årdal kommune har gjennomført ny allmenn taksering (10-års taksering) i høve lov om eigedomsskatt. Brev med takstgrunnlag vert sendt ut i løpet av veke 9.

Eigedomsskatt er utlikna med kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for vanlege eigedommar / fritidsbustader, kr. 4,- pr. 1.000,- av takstsummen for jordbruk og kr. 7,- pr. 1.000,- for næring og anlegg. Eigedomsskatt og kommunale avgifter er på same fakturaen, og blir i 2022 fakturert i 3 terminar med forfall 16. mai, 16. august og 16. november.

Klagefrist på utskriven eigedomsskatt er 6 veker frå eigedomsskattelistene vert lagt ut for offentleg ettersyn. 

Søknad om fritak for eigedomsskatt

Dei som etter §7 i lov om eigedomsskatt kan søkje om fritak frå eigedomsskatt - må gjere dette innan 18. mars til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no.

Dette gjeld også lag og organisasjonar som vil søkje om fritak.
 

Til toppen