Viktig informasjon om koronaviruset

Du kan bade i opningstida til friluftsbassenget – ikkje når det er stengt

I Årdal er me heldige som har to friluftsbasseng og om kort tid opnar desse.

Opplæring av badevaktene og godkjenning av vassprøvar er det som no skal til for å få opne. - Og så håper me sjølvsagt på flotte godværsdagar gjennom heile sommaren. 

Her finn du opningstider

Så veit me at når det fylles med vatn i utebassenget, så har det på mange måtar vore ein tradisjon i Årdal å ta seg ulovleg inn i bassenget etter stengetid. Til tross for at det er gjerde rundt område, ikkje tillate og er ei ulovleg handling.
 
Det er to utfordringar med den type bruk av bassenget – og den eine utfordringa er langt meir alvorleg enn den andre. Slik aktivitet skapar ein del uro og støy i nabolaget og det er ikkje bra – men, det mest alvorlege er at du utsetter deg sjølv for fare. Utan badevakter er det ingen som kan redde deg. Er du i tillegg påvirka av alkohol så er faren enda større for at det kan bli ei uheldig hending.
 
Årdal kommune ber difor innstendig om at du ikkje tek deg til rette utanom opningstida i våre friluftsbasseng.

 Stig Stark-Johansen
-kommunedirektør-

Til toppen