Dødsfall som følgje av koronasmitte

Årdal kommune stadfestar at ein bebuar ved Årdal sjukeheim er død som følgje av koronasmitte.

Dette er det fyrste kjende dødsfallet i kommunen relatert til koronavirus sidan pandemien braut ut. 

Ordførar Hilmar Høl uttrykkjer si djupaste medkjensle med dei etterlatte.
- Våre tankar går til dei som har mista ein av sine næraste, seier Høl.

Av omsyn til personvernet vert det ikkje gjeve ytterlegare opplysningar om avlidne.

Til toppen