Viktig informasjon om koronaviruset

Covid-19 - ei lita påminning om at pandemien ikkje er over

Det er tid for å minne om at pandemien ikkje er over og da spesielt i samband med oppslag i lokalpressa i dag om fare for stort lokalt utbrot i Sogndal.

Årdal kommune har i dag sendt ut denne meldinga til alle skjenke- og serveringsstadane i bygdi, men det er og ei påminning til våre innbyggarar og tilreisande om å hugse å følgje smittevernsreglane.

Det er tid for å minne om at pandemien ikkje er over og da spesielt i samband med oppslag i lokalpressa i dag om fare for stort lokalt utbrot i Sogndal. Det syner seg at det har vore to smitta personar på ein utestad i Sogndal og at kommunelegen i Sogndal uttalar at det no er fare for eit større utbrot.

I samband med dette ber me alle utestadar i Årdal om å vere ekstra forsiktige. Det skal lite til for å komme i same situasjon som det Sogndal no har. Folk bevegar seg over kommunegrenser i ferien og det er lett å gløyme at det er ein pandemi og at smittevernsreglane fortsatt gjeld.

Det er svært viktig at de som ansvarlege driftarar overheld dei gjeldande reglane for godt smittevern.

  • hugs bordservering av alkohol
  • hugs at det er krav til avstand – 1 meter gjeld
  • hugs tilgang til handsprit og generell hygiene er viktig for alle!

Reingjer ofte og grundig alle bord og alle kontaktpunkt og sjå etter at gjestene de har følgjer dei retningslinjene som gjeld.

Pass på at alle ferieavløysarar er godt drilla i smittevern og smittevernsrutiner. Gå gjerne gjennnom den smittevernsplanen de har laga og syt for at alle dei tilsette har god kjennskap til reglar og rutiner og at desse blir etterlevd. Send gjerne smittevernplan til Årdal kommune til orientering.

Ha låg terskel for testing dersom de sjølv eller dei tilsette blir sjuke. Hugs at fleire no opplever å vere asymptomatiske, dvs at ein kan vere smitta utan at dei klassiske teikna er til stades.

Me veit alle at får me eit stort smitteutbrot i Årdal så vil det kunne få store konsekvensar for fleire av verksemdene i bygdi.

Hald dykk oppdatert på dei reglane som gjeld. 

Me vil og minne våre innbyggarar og tilreisande på å følgje dei smittevernsreglane som gjeld.

Til toppen