Kva om me alle kunne gjere noko lite som saman gjer ein stor forskjell? Beintøft er den årlege nasjonale kampanjen som utfordrar heile samfunnet til å tenkje nytt om korleis me beveger oss i kvardagen. Denne kampanjen handlar ikkje berre om skulevegen, men om korleis me saman kan skape eit sunnare, tryggare og meir miljøvennleg samfunn.
For å lykkast må alle ledd i lokalsamfunnet bidra: born, foreldre, lærarar og andre trafikantar. Ved å gå, sykle eller bruke kollektivtransport, er me med på å kutte ned trafikk, forureining og stress – til fordel for både naturen og oss sjølve.
Det å starte dagen med mosjon og frisk luft gir meir energi, aukar konsentrasjonsevnen og gir betre kondis. Ved å delta i Beintøft, får borna våre moglegheita til å utvikle sunne vanar som vil tene dei livet ut. Ein elev som syklar 4 km tur/retur kvar skuledag sparar omtrent 150 kg i CO2 ekvivalentar i året, altså 2 flyturar tur/retur Bergen-Oslo.
Foreldra spelar ei viktig rolle i Beintøft sin suksess. Ved å oppmuntre til deltaking, og kanskje sjølv vere med på gå- eller sykkelturar, viser dei borna kor viktig det er å vere aktiv og ta vare på miljøet.
Elevane får konkurrere med andre skular og klassar over heile landet, samle poeng, og kanskje vinne verdifulle premiar. Merk at det også vert delt ut ei lokal premie for den beste klassen i Årdal.
Deltakinga vil vere lagt til rette for elevar som ikkje kan gå, sykle eller bruke kollektivt og for elevar med farleg skuleveg slik at alle kan delta!
Meir info her: beintøft.no
Dei klassane som deltek får meg seg infobrev heim.
Me gleder oss til oppstart!