Viktig informasjon om koronaviruset

Barnehagedagen 2021

Tema for barnehagedagen 2021 var: « Små steg for kloden». Då har barnehagane arbeid med natur, miljø og resirkulering. Dagen blei markert 9. mars.

Årdalstangen barnehage

Me, 4 og 5 åringane, har markerte dagen med ein tur i sentrum. Der hang me opp plakatar på bosdunkane, med oppfordring om å kaste/resirkulere bos og avfall. Me var og med på panteprosessen, me panta brusboksar og flasker -> fekk att peng -> kjøpte oss kjeks -> kasta boset i bosdunken.

I forkant av barnehagedagen, har me hatt fokus på gleda av å være ute i naturen, det å ta vare på meg sjølv, kvarandre og naturen. me har plukka bos, studert bilete av plast i havet, møtt Blekkulf som er miljødetektiv og samarbeida med Ugla frå naturvakt.no.

Me har vore med på kjeldesortering og har eit eksperiment for å sjå kva som skjer når eit eple vert liggande direkte i jorda mot å ligga i ein plastpose.

Einehaugen barnehage

Me har teke del i rydding av bos. Me har hatt fokus på kva som skjer med alt boset som ligg rundt om og kva farar dette kan ha for dyra, naturen og miljøet.

Oss eldste (4 og 5 åringar) har pynta bosbøttene på Cuba, i håp om at alle er flinke til å bruka dei. Me har hatt fokus på gjenvinning- og at det me kastar kan bli til nye ting, t.d ein sykkel. Dei vaksne tykkje me er blitt flinke naturvoktarar.

Dei minste har hatt fokus på gjenvinning og laga felles kunst. Ta vare på naturen og kloden vår!
På Lysa (småbarnsavdelinga) hadde dei til og med laga eigen panteautomat.


Uravegen barnehage

Me er glade i å vere ute, undre oss og vere på utforsking. Me har kosa oss med gode naturopplevinga. I tillegg har dei eldste hatt fokus på resirkulering, matavfall og kjeldesortering. Det er bra for miljøet vårt, og slik tek me fleire små steg for kloden vår, og for nærmiljøet vårt som me er så glad i. 

Bilda er frå utstillinga visa våre gode naturopplevinga. Visar og korleis me har fokusert på miljøet. Dei vaksne seie me godt samspel, der fellesskapet og gleda over å gjere noko saman er viktige. Det syns me er viktig og.

Til toppen