Viktig informasjon om koronaviruset

Bakgrunn for innføring av midlertidig forbod mot fri ferdsel på Årdalsvatnet

Det er kome mange innspel og reaksjonar etter ferdselsforbodet på isen på Årdalsvatnet og me vil freiste å gje dykk bakgrunn for tiltaket.

Allemannsretten regulerer innbyggjarar sin rett til ferdsle på vatn, også når det er islagt. Deler av Årdalsvatnet var etter ein kuldeperiode frose på og spesielt ved Loi var det område der det var lett å komme seg ut på isen. I perioden ferdselsforbodet vart bestemt innført, var det ope vatn på andre sida mot Linviki og oppover frå Stedjeberget mot Øvre Årdal.

Føremiddag søndag 7. februar la kommunen ut advarsel på heimesida og facebooksida, med ei oppmoding om at folk var varsomme med å ferdast på isen. Det var fleire stader det var ope og det var observert personar heilt inntil kanten av isen. Måndag 8. februar vart det halde samarbeidsmøte med kommuneleiinga og tenestestadsleiar i politiet i Årdal. Tema for møtet var sikring av isen.

Kommunen har gjennom målretta arbeid med Årdal tenk tryggleik, i mange år hatt fokus på tryggleik for innbyggarane. Årdalsvatnet er lett tilgjengeleg for alle aldersgrupper sidan det er tilrettelagte turstiar langs vatnet og det er nær busetnaden på Årdalstangen.
Det vart difor vurdert til å vere lett tilgjengeleg og fristande for born og unge til å gå utpå isen.

Kommunen hadde allereie tilrettelagt to baner med is som kunne nyttast og det vart fort avklart at det skulle leggast til rette for ei tredje i løpet av få dagar. I tillegg var det kjent at det, på privat initiativ, var lagt til rette for å gå på skøyter på Seimåsen.

Kommuneleiinga drøfta om isen var trygg nok og korleis ein kunne sikre at personar ikkje kom for langt ut på isen der det var ope. Det var vanskeleg for kommunen å definere kva område på isen som eventuelt skulle sperrast. Kommunen har ikkje kompetanse eller ressursar til å utføre måling av isen eller halde oppsyn med kvaliteten på isen. Eit avgrensa ferdselsforbod vart difor vanskeleg å følgje opp.

I Årdal kommune sine politivedtekter låg det til rette for å gjere ei regulering av dette. 
«§ 14. Ferdsle på frose vatn eller sjø
Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Moment som vart drøfta og gav bakgrunn for avgjersla var:

  1. usikkerheit knytt til kva område på isen som kan vere trygt
  2. ope store deler av vatnet og isråk
  3. Årdalsvatnet blir påverka av utslepp av temperert vatn frå industrien
  4. kommunen har ikkje kompetanse eller ressursar til å føreta måling og avgrense område
  5. beredskapen har ikkje tilstrekkeleg utstyr og det er ein auka risiko for redningspersonell dersom det kan verte aktuelt å sette i gang større redningsoppdrag på Årdalsvatnet. Konsekvens er at redningsoppdrag kan verte svært utfordrande for beredskapen.
  6. personar nyttar isen utan å ha noko form for sikringsutstyr og vil ikkje vere istand til eigenredning
  7. det er observert personar ved iskanten og mot områder der det ikkje har frose på
  8. me kan ikkje basere oss på privatpersonar sine målingar av isen for å kunne offisielt seie at det er trygt å ferdast
  9. lokalt politi har ikkje og vil ikkje bruke ressursar til å definere kva område som kan vere trygt
  10. tilkomsten til Årdalsvatnet er lett tilgjengeleg for alle.

I ei samla vurdering av desse forholda, fokus på tryggleik for innbyggarane og eit føre var prinsipp - oppmoda kommuneleiinga politiet om å innføre eit midlertidig ferdselsforbod på isen på Årdalsvatnet med verknad frå 8. februar. I møte 16. februar vart det bestemt at ferdselsforbodet på isen gjeld fram til 15. mars. 

Med stor sannsynligheit vil Årdal kommune ikkje oppmode om tilsvarande ferdselsforbod på isen på Årdalsvatnet for seinare år. Men, kommunen vil vere ute med skilting og advarsel om at isen kan vere utrygg og at ferdsel er på eige ansvar. 

Til toppen