Auka smitte i Årdal - hugs å registrere deg

Siste vekene har smitten auka i Årdal og berre sidan i går er det registrert 50 nye tilfeller. Tendensen er stigande og me har enno ikkje nådd smittetoppen. Pandemien er ikkje heilt over.

Kommunen merkar godt smitteauken og har no eit høgt sjukefråver. Det gir eit stort press på dei kommunale tenestene og spesielt innafor omsorgstenestene og barnehagane.

Me minner om at dersom du får positivt testresultat går inn og registrerer dette. Det gjere det lettare for oss å følgje med på smitteutviklinga i bygda.  

Registrere positiv hurtigtest

Treng du hurtigtest så kan du hente dette på legekontoret eller på rådhuset.

Ynskjer du å vaksinere deg så kontakt helsestasjonen for å avtale tid.

Til toppen