Årdal stiller opp for ukrainske flyktningar

Dersom staten ber om det vil Årdal stille opp for å ta i mot ukrainske flyktningar, seier ordførar Hilmar Høl.
- i samarbeid med flyktningtenesta vil me frå politisk hald starte arbeidet med å legge til rette for at kommunen kan ta i mot flyktningar frå Ukraina. 

Ordføraren inviterer til fredsmarkering på torget i Øvre Årdal 1. mars kl. 18.00  

Årdal har tidlegare i år motteke oppmoding frå IMDI om å busette 10 flyktningar i 2022, men med den krisa som no er i Ukraina ser me ikkje vekk i frå at det vil komme melding om å ta i mot fleire. Med bakgrunn i det har eg difor bedt administrasjonen sjå på kva som må til for at me kan ta i mot flyktningar frå Ukraina, seier Høl.

Ordføraren håpar og trur at innbyggarane i Sogn ser at personar med russisk bakgrunn, som bur og arbeider i Sogn, ikkje har noko ansvar eller skal oppleve skyld for det som no skjer i Ukraina. 
Høl har sett i verk ei kartleggjing i heimbygda for å nå ut til sambygdingar med ukrainsk, russisk og kviterussisk bakgrunn. Det dreier seg om rundt åtte-ti personar. 
- Me ynskjer å syna støtte og omsorg og jobbar no med å komma i kontakt med kvar einskild for å snakka med dei om den vanskelege situasjonen i heimlandet. Me har så langt fått snakka med dei aller fleste av dei. Så vidt me veit, har ingen av desse opplevd negative reaksjonar frå andre innbyggjarar i samband med det som har skjedd, seier Høl.
Han legg til at han har invitert innbyggjarane frå Ukraina, Russland og Hviterussland til fredsmarkeringa som Årdal AP og LO har teke initiativ til. 
Den går føre seg på torget i Øvre Årdal tysdag 1. mars klokka 18.00. 
Her blir det fakkeltog og appellar, i tillegg til at LO-huset held ope utover kvelden. 
- Absolutt alle er hjarteleg velkomne til å vera med, understrekar Høl.

Hilmar Høl
-ordførar-

Til toppen