Arbeidet med budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 er starta

Formannskapet handsama rammesak i sitt møte 19.september. Rammesaka er eit utkast til økonomiplan. I saka er rammevilkåra til kommunen skildra og det ligg førebelse prognosar på sentrale inntekter. 

Kommunelova pålegg kommunane å forvalte økonomien slik at handleevna blir ivaretatt over tid. Dette betyr at vi må tilpasse aktivitetane og tenestetilbodet til den handleevna vi har.  
Les rammesaka.

Formannskapet er finansutval og arbeidsutval for budsjett og økonomiplanarbeidet. Budsjettet vert difor tema i kvart møte i utvalet denne hausten. 

Alle som ynskjer kan gje innspel til budsjettarbeidet ved å sende e-post postmottak@ardal.kommune.no. Innspel kan og sendast per brev til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller levarast direkte tilTenestetorget på Rådhuset.

Innspel som kjem før 14.oktober vert lagt ved saka til formannskapet 24.oktober. 
Vi har særskilt oppmoa dei kommunale råda, som har ein rådgjevande funksjon innanfor ulike saksområde i kommunen, til å komme med innspel til budsjettet.