100% vikariat i Einehaugen barnehage
Søkes kandidatar til vikariat og ein god medarbeidar i Einehaugen barnehage
Søknadsfrist 7. oktober.
Me har ledig eitt vikariat i 100% stilling som barnehagelærar i perioden 01.01.2025 - 31.10.2025.
Som barnehagelærar hjå oss har du medansvar for:
- borna sin trivsel og utvikling
- pedagogisk utvikling i barnehagen
- planlegging av aktivitetar både ute og inne
- godt samarbeid med foreldre
- godt samarbeid med kollega i fordeling av oppgåver
Kvalifikasjonskrav:
- utdanning som barnehagelærar, men andre med relevant utdanning kan og søkje
- god norskkunnskap
- godkjend politiattest
Me ser etter medarbeidarar som kan:
- skapa gode relasjonar og trygge rammer
- vera tydeleg og tilstades ovanfor borna og deira behov
- vere oppteken av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle seg fagleg
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
- samarbeida godt med personale og heimane
Me tilbyr
- arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
- kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Sist endra 16.09.2024 13:49