A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Aktivitør - 100% stilling

Søknadsfrist: 15. april

Ledig stilling

Me har ledig
Nyoppretta 100% stilling som aktivitør ved Årdal- og Seimsdal sjukeheim.

Arbeidsoppgåver
Aktivitøren skal planlegge, tilrettelegge og gjennomføre aktivitetar ut i frå pasientane sine behov og interesser, og vere ein viktig bidragsytar til at pasientane får ein meiningsfull kvardag.

Aktivitøren skal vere med å legge framdriftsplan i lag med avdelingane. Den skal koordinere aktivitetar som er på sjukeheimane, og vere bindeleddet til dei frivillige som kjem innom på besøk ( Røde kors, kor, barnehagar, skule etc.)

Kvalifikasjonskrav
Aktivitør, eller anna fagarbeidar som har erfaring innan aldring og aktivitetar for eldre.
Må ha førarkort for bil, og tilgang på bil.

Personlege eigenskapar
Den me søkjer:
 - Må like å arbeide med eldre personar, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
 - Må vere kreativ og kunne arbeide både åleine og i team.
 - Må vere brukarorientert.
 - Må vere fleksibel, strukturert og endringsvillig.
 - Må like breidde og utfordringar i arbeidsoppgåvene, og vere fagleg oppdatert.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga vert løna som fagarbeidar med for tida lønsplassering frå kr. 338.800,-  til kr. 409.200,- .
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil verte krevd.

Andre opplysningar
Arbeidstid er 37,5 timar pr. veke. Det er i hovedsak dagtid, men må rekne med noko kveldsarbeid i samband med arrangementer.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut