Barseltreff på Årdal helsestasjon våren 2020

Denne våren blir det felles barseltreff for alle med born 0-1 år på Årdal helsestasjon.
Treffa blir:
Siste torsdag i månaden kl 12.30 – ca kl 14.
(30.januar, 27.februar, 26.mars, 30.april og 28.mai)

Me kjem til å ha ulike tema, og startar i januar med fokus på foreldrerolla og førebygging av vald.

Litt praktiske opplysningar:
1. Det kan bli mange på treffa, så me ber om at de ikkje tek med barnevogn inn på helsestasjonen.
2. Det vil kvar gong bli informasjon om tema, litt diskusjonar rundt tema og rom for sosialt samvære.
3. Det vil vera 2-3 helsesjukepleiarar på kvart treff. Me har gjerne med samarbeidspartnarar som jordmor, barnefysioterapeut og tannpleiar.

Velkomne!!

Arrangør: Årdal kommune
: Årdal helsestasjon
Tid: torsdag 28. mai 12:30