FTU - Friluftsliv for alle - eit turtilbod for funksjonshemma

Da er det snart klart for ny tur i regi av DNT, og vi gleder oss 
Her er alle velkomne; både brukar, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som ynskjer å bidra eller delta i lag med oss. Det er inga påmelding, så det er berre å møte opp.
Neste tur vert onsdag 04.12.19 og me går i nye «lysløypa» ved moloen i Øvre. Oppmøte på parkeringsplassen ved ungdomsskulen/Årdal vidaregåande, så viser me veg vidare. Kle dykk etter vêret. Me skal gå frå parkeringsplassen og ned langs elva til moloen og så opp att til Årdal vgs. Der blir det servering av graut og saft, og me skal ha litt song og aktivitetar i kantineområdet.
Fint om de kan planlegge samkøyring. Viss nokon treng skyss, tek de kontakt med Nina Jevnaker på tlf. 93 86 85 75, eller skriv ein kommentar på Facebook.

Arrangør: FTU ÅRDAL
: Lysløypa v/moloen i Øvre
Tid: onsdag 4. desember 17:30
General