A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Årdøl og Kulturpris

Tradisjon tru starta årets siste kommunestyremøte med utdeling av pris for Årets Årdøl og Kulturprisen 2019. I tillegg ynskja Kommunestyret å heidra på ein person som nyleg vant ei stor nasjonal utmerking.

I Årdal har me nemleg ein kar som har jobba frivillig i meir enn 25 år. Ein som 5. desember fekk den gjevaste utmerkinga som Frivillighet Norge delar ut – ein heilt spesiell pris til ein heilt dedikert person.

Knut Skår har gjennom fleire tiår engasjert seg i organisasjonen Norske Redningshunder og i løpet av denne tida har han hatt mange ulike organisatoriske verv - i tillegg til det å vere hundeførar. Han deltek årleg i over 30 redningsaksjonar og han legg ned mangfoldige timar både i utdanning og trening av nye hundeførar.
Det vert sagt at han har styrt Norske Redningshunder til å bli ein av dei viktigaste og mest nytta redningsorganisasjonane i landet. Hund og førar er viktige element i ulike redningsaksjonar, anten det er snøras eller andre former for katastrofesøk.
Det tek i snitt to til tre år å utdanne ein redningshund – og det er ein prosess som er både tid- og kostnadskrevjande.

Årdal kommune ynskjer å vise at me setter stor pris på arbeidet Knut Skår har gjort i Norske redningshundar.

Årdal kommune gjev ein gåvesjekk på kr. 5000, eit bidrag til det vidare arbeidet med utdanning av redningshundar.
Knut Skår_500x305.jpg


KULTURPRISEN 2019 Årdal kommune

Personen som er føreslegen til kulturprisen 2019 er ein kulturelskar, og ein kulturFREMJAR utan like i Årdal kommune.

Han har gjennom over 30 år underheldt oss som skodespelar og regissør i Farnes Ungdomslag.
Han har underheldt oss som musikar og songar i fleire band, og har vore både medlem og styremedlem i Hugin i ei årrekke.
Han har vore ein god støttespelar for alle som som driv med kultur i kommunen fordi han møter opp på alle konsertar og arrangement som publikummar om han har høve til det - og han framhevar alltid andre sine arrangement med lovord.
Han støttar opp om konsertar og arrangement som konferansier og som solist.
Han har vore brukt som ressursperson i kulturskulen ved fleire høve, og stiller alltid opp når når han blir spurt.
Viss eit av kriteria for å få kulturprisen i Årdal er at vedkommande aldri seier nei når nokon ber om hjelp til å dra i land eit kulturellt arrangement, er dette rette personen å gje prisen til.

Kulturprisen 2019 i Årdal kommune går til Steinar Fodnes.
Kanskje me har fått ein «ny» Kultur-Steinar?
Steinar Fodnes_500x481.jpg


Årets Årdøl 2019

Utmerkinga  Årets Årdøl blir gjett til ein person som har betydd mykje for mange.
Han har eit brennande hjarte for fotballen i Årdal som  spelar og trenar gjennom ein mannsalder.
Han var aktiv spelar i Jotun/Årdalstangen etter stiftinga i 2004. Før den tid hadde ei lang spelarkarriere i Jotun, Sogndal. Han var òg dessutan spelande trenar for Jotun sitt seniorlag ein periode midt på 90-talet.
Han har også bokført nokre kampar for Årdal fotballklubb i 2005. 

Heilt sidan då og fram til 2017, var han aldersbestemt trenar i Jotun. 
Dei siste sju åra har han vore trenar for Årdal FK, noko som vart krona med opprykk denne sesongen.
Utifrå talet på lag i det norske seriesystemet i dag, er dette eit av dei aller høgaste nivåa årdalsfotballen har vore på nokon gong.
Han har eit brennande engasjement for fotballen i bygdi og for Årdal generelt. Han er stort sett blid, men likar også godt oppheta diskusjonar med mellom dommarar og andre fotballinteresserte.
Han har god humor, og han er flink til å sjå enkeltmenneske i si trenargjerning. Det blir av enkelte hevda at han held med feil lag i England, men han held i alle fall med Aordal, her heima! Og merk dykk – det gjeld ikkje berre Årdal FK- men heile Aordal.

 Årets Årdøl er: Ivan Øy

Ivan Øy_500x438.jpg


Årdal kommune applauderar og gratulerar Knut, Steinar og Ivan for imponerande innsats og dedikasjon.