Aktivitetskalender

Brannvernveka 2022

Etter to år med pandemi, er brannvesenet glade for at me kan invitera små og store til open dag. 
  

Dato
24. september 2022
Tid
11:00 - 14:00
Stad
Øvre Årdal på Torget

Brannvernveka vert arrangert Laurdag 24.september som ein del av den nasjonale Brannvernveka. Me flyttar brannbilar, utstyr utandørs, slik at flest mogleg skal få moglegheit til å bli betre kjent med oss. Nokon hint for dagen er; sitte i brannbilar, bli kjent med noko av ustyret vårt, helse på feiar, brannkonstablar.
Me skal og gjennomføre kunnskapsløype, her får barna med seg eit svarkort som skal fyllast ut. Alle som stiller er med i trekninga av ein flott premiesekk.

Tidspunktet er ikkje tilfeldig. Hausten markerer inngongen til ei tid på året då mengda av bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av høgare straumforbruk og meir bruk av levande lys.
Målet for dagen er at alle kan litt meir om brannsikkerheit når de reiser heim.
 

Arrangør

Årdal kommune
Adresse
Statsråd Evensensveg 4, Statsråd Evensensveg 4
Postnummer og stad
6885 Årdalstangen

Kontakt

Svein Ove Åmås, branninspektør
Til toppen