Quizløyper i vinterferien

I vinterferien vil Årdal bibliotek ha deg ut på tur! Me har lagt ut fire ulike quizløyper i Årdal med spørsmål frå barnelitteraturen. Løypene ligg ute frå fredag 19. februar og ut vinterferieveka. 

Tidspunkt
Fredag 19.02.2021 13:00 - laurdag 27.02.2021 00:00
Stad
Årdal

Ta med deg borna på tur i den eine eller alle løypene. I slutten av kvar løype finn du ein kode. Ta med deg koden til biblioteket (ope tysdag og torsdag) eller rådhuset (ope mån-fre), og få utlevert ein deltakarpremie (gjeld for barn). Her finn du info om løypene:

Øvre:
1) Start parkeringsplassen under Moa-stien til Moakamben/Dagsturhytta (kode).
2) Start utanfor gamleskulen i Øvre Årdal-følg stien bak Årdal gym langs elva ned til Årdalsvatnet-følg gangvegen heilt rundt til brua ved Børtnes og vidare heilt til Øvstetunshølen (kode).

Årdalstangen:
1) Start Rådhuset Årdalstangen-Cuba-moloen (kode)
2) Start Rådhuset Årdalstangen-Loi (kode)

Kan være et bilde av tekst

Arrangør

Årdal bibliotek
Adresse
farnesvegen 3, Boks 184
Postnummer og stad
6882 Øvre Årdal

Kontakt

Gry Hatlelid