9A

015_231x173

Avslutning på Moa

4A avslutta skuleåret på Moa tysdag 16.juni. Veret synte seg frå si beste side. Dei spreke elevane gjekk opp.. Dei kosa seg med fotball, badminton, husking, limbo, tennis, kubb, boccia, pil og boge skyting og dart. Dei fekk pølser og brus. Vi avslutta med ein liten saftis. Eg fekk koseleg kort med bilete av elevane og mange fine ord. Tusen takk for ein fin dag. 

2015-06-16
004_231x173

Kjære foreldre og elevar i 4A!

Tusen takk for ein fin ettermiddag på Svalheim! Takk for smykke og fine roser. God sommar alle saman!

2015-06-12
001_231x173

Fine vårbilete i klasserommet

I kunst og handverk har elevane pynta i vindauga med blomar , sommarfuglar og bier! Fint! 

2015-04-27
014_231x173

Stolte 4.klassingar med nye hjelmar.

Onsdag 8. april  fekk 4. klassingane ved Farnes skule utdelt hjelm og lykt. Dette blir sponsa av Årdal Tenk Trykkleik, Indre Sogn Sparebank og FAU ved skulen.Tusen takk! Det var flotte hjelmar som elevane tok i bruk allereie dagen etter. 

2015-04-10
009_231x173

Skidag på Seimsåsen

Tysdag 17. mars var 4.klasse på skidag på Seimsåsen.

2015-03-26
028_231x173

God påske

Vi ynskjer alle ei god påske! Håpar de finn ein fin plass til påskehøna!

2015-03-24
006_231x173

Faddersamarbeid - Prøysen

I samband med Prøysen jubileet, 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd, inviterte 4.klassane fadrane til ei Prøysenstund

2014-12-05
001_231x173

Venskap

Årshjulet som elevrådet har sendt ut til klassane seier at vi i november skal ha fokus på venskap. I 4A har vi hatt hemmeleg ven og laga venskapshjarte av streng, greiner og kongler. Inne i hjartet har elevane skrive ordtak om venskap og mobbing.Dette heng utanfor klasserommet vårt. Skikkeleg fint vart det!

2014-11-21
SN-DAGEN 002_231x173

SN-dagen 2014

4. klasse har ansvar for markeringa av SN dagen kvart år. I år inviterte vi nokre av asylsøkarane i bygda vår, saman med Henrik Rønningen.Dette for at elevane på Farnes skule kunne bli litt betre kjende med nokre av dei.

2014-10-24

Powered by CustomPublish AS